4. jan. 2016

Nyttårsfeiring 2015

På nyttårsaftan var me som nemnt hos eit venepar av oss som bur berre ein liten gåtur unna. Dette året (les: 2015) hadde eg lakka neglane med ein knallblå fargen, ein neglelakk eg fekk frå ei av veninnene mine på julebrunsjen. Må innrømme at eg var litt skeptisk, men det blei jo ganske så "snasent". Hadde på meg mamma sin gamle kjole, den same som eg hadde på nyttårsaftan 2013. Den er altfor fin til å berre henge i skapet, så eg prøver å bruke den når høvet byr seg :) Fekk god punsj då me kom, og sånn elles så kan ein trygt seie at eg stort sett lot kameraet liggje. Hadde det så koseleg med mykje prat og god mat, og då er det godt å ikkje tenkje på at "dette må eg fotografere". Men når ein får servert kaffi i ein retrokopp, kunne i alle fall ikkje eg dy meg med å ta bilete.


I halv tolv-tida tok me på oss yttertøy og traska opp til ein topp ikkje langt unna. Fekk bra utsikt over byen, og så kunne me sjå tvers over til Vålandstårnet der det kommunale fyrverkeriet blei skote opp. Ei av julegåvene frå mannen min var eit kamerastativ, og det skulle eg jo hatt med meg på nyttårsaftan. Men, men. Bileta blei jo greie nok i mine auge. Etter å ha stått oppe på haugen i ein halvtime, traska me tilbake til huset der venene våre bur, og me prata og hadde det veldig hyggeleg fram til klokka var halv fire og me var stuptrøtte alle saman. Takk for ei tipptopp nyttårsfeiring!

Legg igjen ein fin tanke