30. sep. 2021
Shine Short Sleeve
Merkelapp
diy
29. sep. 2021
Nye leseeventyr
"Det er allerede blitt fortalt at lyset på Skiveverdenen beveger seg langsomt, som en følge av at det må trenge gjennom Skivens enorme og eldgamle magiske felt. Så morgengryet er ikke den plutselige affæren det er i andre verdener. Den nye dagen bryter ikke fram, den liksom skvulper nennsomt over det sovende landskapet på samme måte som tidevannet sniker seg fram over stranden og smelter nattens sandslott. Det pleier å flomme rundt fjell. Hvis trærne står tett sammen, kommer det ut av skogen kuttet i tynne bånd med skygger imellom." (s. 97).
I sommar blei eig utfordra av mannen min til å lese ei fantasybok av sjølvaste Terry Pratchett. Tidlegare har eg berre lese Good Omens som han skreiv saman med Neil Gaiman. Eg tok i mot utfordringa, og eg innrømmer at eg koste meg med å lese om Besta Værvoks og Eskarina. Å lære meir om Skiveverdenen (Disc World) som eg mange gongar har høyrt om og som eg har skjønt er ei stor greie for mange som liker fantasy. Boka De åtte fjellene av Paolo Cognetti er verkeleg ei av dei beste bøkene eg har lese i år, alle naturskildringa og venskapet mellom dei to hovudpersonane. Boken med glemte navn av Kristin Harmel og One Last Stop av Casey McQuiston er to andre bøker eg nyleg har lese som kjem høgt på lista over gode bøker lesne i 2021. Kjekke og gode bøker, altså!
Merkelapp
bøker
27. sep. 2021
Fargefest og svanefamilie rundt Mosvatnet
Traska ein runde rundt Mosvatnet på laurdag. Hausstola både skein og varma, den flotte svanefamilien var ute på tur og eg såg haustfargar på fleire av trea. Andre er framleis grøne og dannar ein fin allé langs vatnet. Eg gjekk ikkje særskilt fort, men berre naut det gode haustvêret og alle fargane, trur det var akkurat det eg trong den dagen. Tidleg start på veka i dag, samstundes ein roleg start trass gjenopning. Det tar nok litt tid før folk skjønner at me har ope utan at dei må booke på førehand på nettet – dei kjem vel etter kvart. Dinglande sånn litt etter litt.
Merkelapp
tur
26. sep. 2021
Heile tjuefem kjekke punkt
✦ starte fredagen med kaffi og ei bok medan eg koste meg under det gule ullpleddet
✦ at me no kan skrote bookingsystemet, for no er me i gong med vanlege rutinar igjen på jobb
✦ tøff lesing: Hendelsen av Annie Ernaux
✦ minielefant som leikar med ein basketball, så utruleg søt og artig!
✦ regn på ruta ute = strikking og lesing inne
✦ liten tur rundt Mosvatnet i går der eg såg dei fine svanene
✦ storfangst på REKO-ringen
✦ arkitektur midt i byen der sola laga skuggespel
✦ lese ute på balkongen etter turen i går – tenk å sitje ute og lese i slutten av september!
✦ Benedicte frå Godalen vgs. som vel å bli frisør som ein av dei fyrste i rullestol
✦ høyre opninga av Brukners fjerde symfoni i episode to av Coda KORK
✦ endå ei sak om bruktbua ute på Forus – hurra for gjenbruk!
✦ heimelaga vegetarlasagne som restemiddag på jobb
✦ og apropos jobb: sjekk ut den boksen med Twist me fekk frå nokon som takk for lån eit lokale
✦ besøke ein god ven på Gamlingen
✦ fleire kjekke biblioteksbøker som ligg og ventar på meg i lesehaugen
✦ ein badegjest som syntest øyredobbane mine var stilige (og det er dei jo)
✦ laurdagspizza og den rare og herlege filmen Frequently Asked Questions About Time Travel
✦ levere tilbake ubrukt garn hos kjekkaste Magiske masker og finne noko stilig å bytte det i
✦ følgje Tim og Pru langs elva Brahmaputra nord i India, eit av dei finaste programma i mine auge
✦ haustbilete i rusteraude fargar
✦ novellesamling om bøker og bibliotek
Merkelapp
sundagsliste
24. sep. 2021
Storfangst!
Merkelapp
mat og drikke
22. sep. 2021
For alle bibliofilar 📚📚
20. sep. 2021
Bambus 🐈
Merkelapp
hygge
19. sep. 2021
Stemne på jobb, ny favorittbok og ei bra vekesliste
✦ De åtte fjellene, ei slåande og vakker bok om oppvekst, venskap og fjella
✦ lita balkonglesingøkt den eine dagen då eg hadde fri
✦ høyr kor høgt denne lille siameserkatten mel
✦ kaffi og kake i lag med ein god ven før fredagskveld på jobb
✦ og ikkje berre kafé med venen min, men fleire timar med prat, handlerunde og latter
✦ fargeklatt av eit hus på veg heim frå jobben ein dag
✦ Bjørn Tomren i Stjernekamp, berre høyr når han syng "Eg er framand"
✦ bra øving med orkesteret tysdagskveld, eg gleder meg til konsert om to veker
✦ sjå og høyre fyrste del av KORKs jubileumskonsert, dei er nemleg 75 år i år
✦ fekk nesten tårer i auga då eg i ein butikk såg fleire Lisa Aisato-puslespel
✦ skeiv kjærleik, ungdomstid og kroppspositivisme – alt i ei og same bok
✦ knallraud blome og flott regndropar i den botaniske hagen
✦ bli med og ta ein titt på Mummihuset i miniatyr
✦ stupestemne i helga, noko som gjekk veldig bra
✦ nesten heilt ferdig med å strikke den kongeblå genseren
✦ tøff, men så himla viktig lesing om kor slemme ungdommar kan vere
✦ gøy å lese vidare i Narnia-serien, og karakteren Puddleglum (Dysterpytt) er herleg og artig
✦ har berre sett to episodar, men gurimalla, me ler høgt av Coda KORK
✦ komme heim til ferdig taco og Jumanji (den frå 1995) i går etter over ti timar på jobb
Merkelapp
sundagsliste
17. sep. 2021
I Monets hage 💐
Merkelapp
reise
Abonner på:
Innlegg (Atom)