28. feb. 2021

Makronar, ny favorittbok og gode dagar på tampen av vinteren



Sju dagar, dei sju siste dagane i februar og med det dei aller siste dagane av vinteren. I morgon er mars her og våren er offisielt i gong. Eg merkar at dagane blir lysare og det byrjar å bli varmare, generelt har dette vore ei veldig god veke. Hadde ein episode der eg kjente at eg var sosialt utilpass på butikken i går, men det har me vel alle opplevd i løpet av det siste året. Mange timar med kaffi og lesing, greie dagar på jobb og plutseleg få eit lite kaffibesøk av finingar i går og vere på kaffibesøk i dag. Glede i små ting – eg tar alt eg får når me no går inn i mars og det faktisk er eitt år sidan heile landet stengde ned. Rart å tenkje på at me på dette tidspunktet i fjor ikkje skjønte kva me kom til å oppleve, kva som kom til å skje. Men nok om det for denne gongen. Som eg skreiv heilt øvst i innlegget, har dette vore ei finfin veke, berre sjekk ut alle dei kjekke punkta:

✦ stikke innom Romsøes Conditori for å kjøpe knallgode fredagsmakronar
✦ sundagskaffi, spelet "Decrypto" og finaste Zalo heime hos mamma og pappa
✦ Josh Groban og Sara Bareilles som syng den nydelege songen "Both Sides Now"
✦ akkurat passe med forviklingar, humor og søt musikk i boka Written in the Stars
✦ gå sundagstur på Storhaug, nyte byutsikta med knallblå himmel
✦ fargerik blokk midt i byen
✦ Emma skriv eit kjempebra og viktig innlegg om det å fly mindre
✦ majestetisk hus fullt av eføy
✦ regn på ruta ute og ei bok i fanget inne
✦ "I bildearkivet del 3" – mimring til ei meir normal tid inne hos Et katteliv
✦ morgonstunder med kaffi, bok og klassisk musikk
✦ vikarar som lager lappar på jobb for at me skal kunne kose oss litt ekstra på kveldsvakta
✦ laurdagstaco og spionkomedien The Man from U.N.C.L.E
✦ meir sol og lysare dagar
✦ fin og rørande kjærleikshistorie midt i ein pandemi
✦ byrje å sjå Mord i paradis, all den herlege britiske humoren
✦ flott katt på vakt ved ei lita bru på veg til jobben ein dag
✦ har delt denne før, men den er like morosam enno: togturen "Rock Island" frå The Music Man
✦ ny sesong av Mysteria i Brokenwood på NRK Nett-TV
✦ må få til å stikke innom Doughnut Worry i byen ein dag
✦ lite kaffibesøk utpå ettermiddagen i går av eit venepar me ikkje har sett sidan desember
✦ sukkersøte og sjarmerande Oscar
✦ Kjæreste Emmie er foreløpig ei av dei søtaste, mest rørande og beste bøkene i bokåret 2021

3 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Ja, er det ikke rart å tenke på at det er ett helt år siden dette nye merkelige livet startet? Hadde vi visst da hvor lenge dette skulle vare tror jeg vi hadde "gått i kjelleren" nesten med en gang. Kanskje like greit at vi levde i håpet om et normalt liv mot sommeren ;) Men samtidig har tida gått ganske fort. Og vi i Norge har jo tross alt klart oss veldig bra ♥ Små gleder som du sier er nok nøkkelen til et godt liv under en pandemi.

Og søndagslistene dine er alltid til glede for meg ;) Takk igjen for at du deler fra kattelivet, den versjonen av Both Sides Now var bare nydelig (jeg har hørt den mange ganger), veldig bra innlegg fra Emma, og Oscar var jo bare SÅ søt ♥ Du har virkelig skjønt hva som lindrer hjertet i en vanskelig tid, du som ser på så mange søte dyrevideoer ;) Jeg måtte forresten lese den kjærlighetshistoria og jeg ble så varm i hjertet. Og Mord i paradis fikk forresten jeg også lyst å se på nå ;)

Silje sa...

For å ta det siste fyrst: britisk krim er den beste krimmen, og "Mord i paradis" er fylt med den beste humoren i tillegg ;) Søte dyrevideoar gjer alltid ein grå dag lysare, dei får meg til å smile og eg blir glad. Små gleder har halde meg oppe i løpet av fjorårets merkelege månadar, og det same gjeld no i år. Men det er som du skriv at på ein måte er det greitt me ikkje visste kor lenge dette kom til å vare. Apropos små gleder: blogginnlegga og kommentarane dine ♥ Veldig stas å ha ein bloggkollega og -ven som set pris på orda og bileta inne på denne bittelille plassen ♥

Ida sa...

♥♥♥

Legg igjen ein fin tanke