15. feb. 2021

Ferske bollar i to variantar


Nybakte bollar, eit par med vaniljekrem og dei andre med mandelmasse og krem. I år som i fjor, laga me eit par svenske fastelavnsbollar, eller semlor som dei heiter på svensk. Fram med finserviset og me åt to bollar kvar etter ein god laksemiddag. Mmm, heilt ferske og varme bollar, dei blei kjempegode! Frimåndag i dag. Eg har tatt det heilt med ro med både bok og strikketøy i fanget, rydda i eit par skuffar inne på gjesterommet og sett på kulaste Murdoch Mysteries. Lite på tapetet i morgon, men det er eigentleg heilt greitt. Korleis har din start på veka vore? 

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Nam det så godt ut ;) Og semlor er en favoritt i huset her. Men vaniljekrem er også veldig godt i boller ;)

Silje sa...

Laga semlor fyrste gong i fjor, og i mine auge er dei betre enn berre vanlege krembollar ;) Men vaniljekrem trur eg er den absolutte favoritten ;)

Legg igjen ein fin tanke