10. feb. 2021

Byhaugturen



Byhaugturen er den sekstande av i alt femtito kvardagsturar som me no har gått. På laurdag var det kaldt i lufta, men elles var vêret heilt nydeleg! Me sykla til Stokka der turen starta, sette frå oss syklane og byrja å gå. Sola var med oss heile vegen, varma oss i andleta og laga skuggespel på bakken. Snøen låg som eit tynt teppe overalt og himmelen var skyfri og knallblå. Byhaugkaféen er foreløpig stengd på grunn av restriksjonane, men det må vere så koseleg å sitje ute på ein benk med ein kopp kaffi og noko attåt. Her får me komme tilbake for å slappe av og nyte utsikta.

Lyset ute i skogen, altså! Eller, eigentleg vinterlyset generelt desse dagane og vekene. Kjekt å gå på nye stiar, oppdage nye plassar og med det fantastiske vêret, kjente eg meg nesten euforisk. Det gjorde så godt å få vere ute på ein sånn dag no når ting og tang jamt over er så usikkert frå dag til dag. Snøkrystallane var skarpe og klare, og då me kom ned til Litle Stokkavatn, var det mange folk som koste seg med å gå på skøyter eller ski ute på isen – det var til og med laga til ei løype. Lyden av isen og vatnet som buldra, stemninga og den kalde, friske vinterlufta, dette var herlege timar ute før me etter kvart kom oss heim til bok, strikketøy, brettspel, heimelaga pizza og gammal film. 

Legg igjen ein fin tanke