5. feb. 2021

Tre bilete og nokre tankar rett før helga


Nett no sit eg i sofaen og ventar på at Mesternes mester skal byrje. Eg høyrer på ei speleliste med roleg musikk og har akkurat lese at Christopher Plummer er gått bort. Skodespelaren som eg alltid vil ha i hovudet når eg høyrer musikken frå The Sound of Music. Han og Julie Andrews. Ein mann som også var med i gode filmar som Beginners, den mørke krimkomedien Knives Out som gjekk på kino for berre halvanna år sidan og stemma til ein karakter i den finaste animasjonsfilmen Up. Å, no fekk eg ordentleg lyst til å sjå The Sound of Music, synge høgt og nynne med. Over er det tre bilete som eg tok i januar, og eg ser det har blitt mange slike motiv med rim, snø og solstrålar (og det kjem til å komme fleire). Men når vêret er slik det er for tida, vil eg ut nesten kvar dag for å kjenne sola varme, høyre lyden når eg går på den kramme snøen, nyte at me har ein vakker vinter i år. Og berre sjå – dråpane av sollys som gjer dei brune blada gjennomsiktige, eg finn glede i å gå rundt og finne motiv med kameraet. Svømmehallen er igjen open for publikum, så når eg skal på morgonskiftet på måndag, vil dagen sjå meir normal ut. Nok rabling for i kveld – god helg! 

Legg igjen ein fin tanke