7. feb. 2021

Ullgenserhygge



Når eg ikkje har hatt på meg jobbkleda, har det gått i ullstrømpebukse og ullgenserar. For det har jamt over vore mellom 5 og 10 kalde gradar ute, er det ull som gjeld. Er eigentleg litt stas å kunne ta fram dei fine ullplagga som ligg i skapet, det er ikkje så ofte det blir brukt. Mormor strikka ein knallraud genser med flott mønster til meg ein gong for sånn tjue år sidan, og tenk at den framleis passar (kan nok hende den var ganske stor då eg fekk den, og eg veit at det er strikka nokre ekstra cm på erma i løpet av åra, men likevel). Sola har titta fram kvar dag, eg har gått eller sykla til jobb, me gjekk ein god tur ute i går, og vel inne har eg kost meg med strikking, bok og kaffi. Lite nytt der, altså ;) I morgon er det på'an igjen med morgonskiftet, sjekk ut høgdepunkta frå mi veke fyrst:

✦ morosam, smart og sexy bok som samstundes godt skive om kronisk sjukdom og psykisk helse
✦ snødekt landskap og blå himmel på veg til jobb, tenkjer berre slutten på Tre nøtter til Askepott
✦ altså, Toffee må jo vere ein av dei skjønnaste kattungange på Youtube
✦ ta fram varme strikkegenserar der ein favoritt er den mormor strikka til meg for mange år sidan
✦ "Blomsteråret 2020" – å, alle dei vakre bukettane inne hos Et katteliv
✦ lese høgt lappane frå minneglaset og ete lussekattar
✦ spele det alltid morosame spelet "Kortskalle"  i lag med mannen min og broremann
✦ morgonstund med kaffi og puslespel
✦ Alicia har laga ein nydeleg parafrase etter eit måleri ho fekk av morfaren sin
✦ gå ein heilt fantastisk tur i vintersola i går
✦ sollyset inn i stova medan eg sit og koser meg med ei bok
✦ så artig å sjå dette marsvinet som følgjer ein hund overalt
✦ buldringa frå isen på Litle Stokkavatn, ein heilt spesiell og fascinerande lyd
✦ svømme i lag med fleire av kollegaane mine midt i veka
✦ ein rørande versjon av songen "Send in the Clowns"
✦ karakterane i Jaktselskapet var noko overflatiske og klisjéaktige, men historia var nervepirrande
✦ laurdagspizza og den gamle komedien The Absent-Minded Professor
✦ "Top 10 Smartest Taskmaster Moments" – fordi det programmet er noko av det kulaste 
✦ strikke vidare på T-skjorta som er i same serie som dei to Twiggy-genserane 
✦ avslutte veka med ein Great Canal Journeys-episode og strikking

Legg igjen ein fin tanke