3. feb. 2021

Minne på glas



Litt seint ute i år, for no er februar allereie i gong og me er ikkje heilt ferdige med å oppsummere 2020. Men her om dagen tok me fram minneglaset og byrja å lese høgt frå lappane. På lappane har me i løpet av året skrive ned forskjellige minne og opplevingar, ein tradisjon me har halde på i snart ti år. Varma eit par lussekattar, tente lys i det fine Mummi-englespelet og berre senka skuldrene. Alt i alt var 2020 eit fint år på mange område, til dømes bilturen i Sør-Noreg, eit vakkert bryllaup og alle turane i skog og mark. Eg veit at det har vore mange grå dagar og tunge veker som desse lappane ikkje seier så mykje om, men det er noko med å tenkje på alt det kjekke og fine i ei slik tid. Ein ordentleg mimrekveld, berre han og eg ♥︎ Og eit par lappar for 2021 er allereie på plass.

Legg igjen ein fin tanke