1. mars 2021

Tre gylne fargar

Twiggy-serien frå Pickles er berre så stilig! Den fyrste eg strikka, var jo den grøne i eit tynt tweedgarn. Sidan eg framleis ventar på garn, er ikkje den rustraude i eit tjukkare tweedgarn heilt ferdig enno, men den kjem til å bli superfin. Til slutt har eg nyleg strikka ferdig ei T-skjorte i ein herleg gulfarge. Hadde den på meg i går, og den er alleiere ein ny favoritt i klesskapet ;) Eg skal ta bilete av det ferdig plagget etter kvart, noko som vil bli litt enklare no når det er lengre lyst ute enn det var for berre to veker sidan. Fint å starte måndagen og den fyrste vårdagen med flotte fargar.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Ida sa...

Jeg er så imponert over hvor flink du er å strikke ;)

Silje sa...

Takk, gode deg! Strikke lærte eg meg då eg var lita, men eg har liksom aldri gjort noko særskilt med det, "berre" luer og skjerf og sånt. Difor er det no litt ekstra kjekt å dra fram gammal kunnskap, søke opp (for meg) nye teknikkar på Youtube og liknande og faktisk prøve meg på større prosjekt :D

Legg igjen ein fin tanke