Ei veke utan sosiale medium. I alle fall nesten, har vore innom eit par gongar på grunn av jobben. Men eg har brukt mesteparten av tida mi på å lese, fikse nokre julegåver, leggje ferdig eit puslespel, planleggje oppussing av badet (for no skal me gjere det) og berre nyte det å ikkje vere pålogga. Trur ikkje me tenkjer over det til vanleg, men mange av oss er jo på heile vegen; mobilen er me oss overalt og det er så lett å "berre" sjekke IG eller sjå om det har skjedd noko på mailen eller Facebook. Konklusjon: eg tar gjerne ei slik veke fleire gongar. Hadde jobblaurdag i går, så ei litt punktert helg har det blitt, men så lenge eg kan setje meg ned med ei bok i nokre timar, er eg nøgd. Akkurat sit me og ser på den fjerde episoden av Lykkeland. Spennande! Ny liste rett under:
✦ sykle ein annan veg til jobb der eg såg eit flott, fargerikt stakittgjerde
✦ stelle i stand eit par julegåver
✦ møte på eit par fine kjenningar på veg heim frå jobb
✦ at eg seinare i kveld skal vere med ei veninne ut for å sjå musikalen Pippin
✦ tar tid å plukke ut bilete, men denne veka kom eg ordentleg i gong med Canada-fotoboka
✦ å ha ei slik seter som den Synne viser fram i dette blogginnlegget, ein plass der tida står stille
✦ bruke tida mi på å lese mykje og kose meg med kaffi ved sidan av
✦ lyset ved og i Mosvatnet då eg sykla heim frå seinvakta på fredag
✦ interiøret på Café Express NB Sørensen inne på Kilden
✦ og på den kaféen sitje ei lita stund, kose meg med ein latte og bok
✦ Ida har funne fram bilete med inspirasjon til dei vakraste heimebiblioteka :)
✦ sjå vidare på Babylon Berlin og nokre gode filmar no i helga
✦ og så Stavanger-serien Lykkeland på NRK Nett-TV
✦ plukke opp ei fin fagbok for barn på jobb (klarer du å sjå kva bok det er?!)
✦ pusle ferdig HP-puslespelet – no gjeld det berre å finne eit nytt eit som me kan leggje
✦ sjå på brosjyrar og snart vere klar til å kjøpe materiale til å pusse opp badet
✦ vite at eg har mange bra bøker i lesehaugen som berre ventar på å bli lesne
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Nå ble jeg forfjamsa haha. Det fargerike gjerdet har jeg vært med å male flere ganger, det er nemlig gata jeg har vokst opp i (i en av leilighetene på bildet) og nå bor jeg i andre enden :D
Tihi, så artig! Er så kjekt å sjå slike fargerike syn, for eg blir så glad og det lyser opp blant alle husa som er kvite eller grå :D
Legg igjen ein fin tanke