17. mars 2017

Vålandsparken v3

Kan nok ikkje påstå at det har skjedd så mange synlege forandringar i Vålandsparken frå februar til mars. Det er framleis like brunt og grått og med eit hint av grønt på trestammene. Arbeidet og gravinga som det blei halde på med førre månad, var det ikkje fullt så mykje av då me tok turen i skogen onsdag ettermiddag (litt er det framleis; ser ut til at det er generelt vedlikehaldsarbeid). Lite snøklokker å sjå, men det var no uansett godt å få "lofta vede littegrann" – veka har gått i eitt, og det kjem helga og neste veke også til å gjere. Fredag er her, så ha ei topp helg, folkens!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

God helg, Silje! <3 ^^

Silje sa...

Og det same til deg, fining <3

Legg igjen ein fin tanke