Måndag og tysdag bøtta regnet ned, men på onsdag derimot var det knallblå himmel. Sola skein og fuglane kvitra, og heldigvis fekk me komme oss litt ut i det herlege vårvêret. Det blei "berre" ein rask tur rundt Mosvatnet, men det gjorde no godt uansett å kjenne frisk luft og sol etter nokre dagar med ordentleg gråvêr. Gule blomar på bakken, små kvite fjør på greinene. Det er vår!
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Det er virkelig vår i lufta! Det er så herlig. Ha en superfin helg :)
Ja, eg kjenner det gjer godt både i hovudet og generelt i heile kroppen :) God helg til deg også ^^
Legg igjen ein fin tanke