9. mar. 2017

Pappas store dag!

Til den besteste og finaste pappaen – gratulerer så mykje med dagen! I dag blir nemleg pappa seksti år, og det feira me på laurdag som nettopp var. Me var snaue førti stk. som var samla på Ågesentunet for å feire pappa. Dagen før var nokre av oss med på å ordne bord og stolar, dekkje bordet, pynte det og sjå til at det meste såg fint ut, blant anna med vakre blomar og kule bordkort.


Ingen stor bursdagsfeiring utan kaffi og kaker. Marsipankaka var god, men den kulaste var gulrotkaka i regnbogefargar som mamma hadde laga :) Medan folk åt kake, drakk kaffi og prata, drog han fine og eg fram ein quiz me hadde laga i høve bursdagsfeiringa. Alltid gøy å lage quiz, så klart med både lette og vanskelege spørsmål. Til slutt: gratulerer med dagen! Glad i deg, veit du!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

teabooks sa...

For en kake! Utrolig stilig ^^ Og gratulerer så mye til jubilanten!

Silje sa...

Både stilig og god ;) Hi, hi! Ønskjer deg ei super helg, gode Ida! :)

Legg igjen ein fin tanke