10. mar. 2017

Akkurat no

Lengtar eg etter...
✦ at våren verkeleg tar til
✦ ei helg utan planar
✦ hyttepåske

Ønskjer eg meg...
- fleire snøklokker ute
- greitt vêr når påska kjem
- gode leseopplevingar

Høyrer eg mest på...
✦ alle songane frå La La Land
✦ "Taare Zameen Par"
✦ filmmusikken til The Teory of Everything
John Williams-repertoaret som me skal spele 24. mars med orkesteret

Blir eg fascinert av...
- bassen til naboane over oss
- alle dei farane Robert Langdon rotar seg borti

Drøymer eg om å reise til...
✦ Island
✦ Maldivene
✦ Praha og Wien
✦ New Zealand

Blir eg provosert av...
- tekstane til nokre av russesongane
- at det framleis er mange som meiner me ikkje treng kvinnedagen

Blir eg inspirert av...
gjengen bak skaparutfordringa Monthly Makers
✦ Emma Watson


Liker eg best å...
- drikke ein kopp kaffi om morgonen saman med den finaste
- setje av tid til å lese
- skrive nynorsk på Madla bibliotek sin Facebook-profil og Instagram-konto

Ønskjer eg å bruke meir tid på...
✦ lesing
✦ gå lengre turar i skog og mark
✦ å finne på ting som ikkje krev skjermtid, til dømes puslespel, kafébesøk og kryssord

Gleder eg meg til...
- Interrail-turen vår
- hyttepåske
- feire bryllaupsdagen vår eit par dagar på forskot i Stockholm
- sjå Beauty & The Beast på kino
- feire eit venepar av oss med bryllaup 8. april

Ønskjer eg å lære meir om...
✦ barne- og ungdomslitteratur
✦ oppussing (her snakkar me spesielt kjøkken og bad)
✦ redesign og omsying

Treng eg...
- verkeleg ei helg utan planar
- (kanskje) nye fritidssko
- ein hårklipp

Ser eg på...
The Americans
✦ Suits
✦ filmar med Fred Astaire og Gene Kelly i hovudrollene
✦ Modern Family og The Goldbergs

Et eg helst...
- blautkokt egg på rista brød
- heimelaga falaflar
- mørk sjokolade


Græt eg av...
✦ opningssekvensen i animasjonsfilmen Up (den vil alltid stå under "græt eg av..")
✦ rørande filmar, den siste var Taare Zameen Par
✦ kort frå den finaste der det står "eg elskar deg"

Ønskjer eg å forbetre...
- måten eg av og til handterer vanskelege kundar på jobb
- å ikkje tenkje det verste med ein gong, for det meste ordnar seg
- den lille fransken eg ein gong lærte på skulen

Smiler eg av...
✦ videoar med søte kattar, til dømes denne
den tørre humoren til mannen min
✦ at eg i løpet av året har mykje å sjå fram til
✦ dei kjekke folka som kom på datahjelpem mellom ti og tolv på jobb i dag

Kler eg meg helst i...
- varme sokkar eller ullstrømpebukse
- genserar frå Gudrun Sjödén
- pysjbukse her heime
- varme genserar arva etter svigermor

Pratar eg helst om...
✦ bøker og filmar eg har lese eller sett dei siste vekene
✦ kjøkkenoppussing
✦ kva me vil oppleve når me skal ut på Interrail-tur

Tenkjer eg tilbake på...
- dei dryge åtte åra saman med han fine; tida går så altfor fort
- Londonturen vår
- den aller finaste dagen for snart to år sidan

Vil eg få orden på...
✦ kjøkkenet
✦ destruktive tankar om studietida ved UiS (det er heldigvis betre enn i haust)
✦ gjesterommet som no fungerer som oppbevaringsrom

Liste lånt frå dette blogginnlegget hos Røverdatter

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

teabooks sa...

Ah, slike lister... Ser ut som du har mye å glede deg til, det er bra! ^^ Og håper du får ei helg uten planer snart. Man trenger pause til å gjøre ingenting av og til også, eller hvert fall å ikke ha veldig konkrete planer hele tiden. Godt å høre at de destruktive tankene om UiS er litt bedre enn det de var :/ Man tenker jo ofte at slikt går over når man får fjernet "problemet", men sånt kan henge igjen ganske lenge. Det er over to år siden jeg byttet studie og jeg sliter fortsatt med å håndtere studiene på grunn av at jeg mistrivdes sånn på det forrige studiet jeg gikk på. Men det går heldigvis mye bedre!

Håper du får en fin helg, Silje! <3

Silje sa...

Å skrive slike lister gjer godt, for det er ofte då ein ser kva ein bør gjere, kva ein gleder seg til og liknande. Heldigvis kjem det ei helg om berre to veker der eg ikkje har noko på planen, så det er ikkje så altfor ille :) Veit korleis du har det med tanke på studia, og som du seier så kan slikt henge i ei god stund. Likevel høyrest det ut som om me begge byrjar å slippe taket på dei verste tankane ^^ For når ein ser på lista, oppdagar i alle fall eg at har mykje å sjå fram til og at eg sånn sett er heldig :)

Vil få ønskje deg også ei bra og fin helg <3

Legg igjen ein fin tanke