18. mar. 2017

Til ein flott person!

Finaste Anne! I dag er det din dag, og eg både håper og trur den kjem til å bli bra :) Det heile starta med at din klasse og min klasse på vidaregåande hadde fransktimar i lag, og då me begge byrja på same folkehøgskule hausten 2009, var det gjort. Takk for alt det morosame, kjekke, rare og fine eg har fått oppleve i lag med deg. Alle gongane me har sett (og sunge høgt til) Rent-filmane, den interne humoren ("me møes"), latteren, smila. Det skal bli kjempefint å feire dykk begge to om tre veker, men akkurat i dag er det din dag. Så kos deg, nyt dagen til det fulle, for det fortener du 🌸

Legg igjen ein fin tanke