8. mar. 2017

Klare til Interrail-tur 🚂

På måndag kom Interrail-billettane på døra med bud frå DHL, no er me klare til å reise på togtur i midten av juni! Me har snakka om å få til ein slik tur ei god stund, og endeleg fann me ein tid som passa. Sjølve reiseruta er ikkje hundre prosent i boks enno, men det er jo det som er så greitt – me har fem reisedøgn på femten dagar og dei kan me ta akkurat når me vil og kvar me vil. Kjenner at eg gleder meg samstundes som eg kjenner at eg er spent. Kjem garantert til å ha nokre kveldar der me sit og diskuterer kva me vil gjere, kva me ønskjer å oppleve, kvar me vil reise, kor lenge me vil vere på kvar plass og korleis me vil bu. Er det nokon som har forslag, så er det berre til å leggje igjen ein fin kommentar :) Og til alle flotte, tøffe, kjekke, modige og herlege kvinner: gratulerer med dagen! Me har komme langt, men enno er det ein lang veg å gå. Saman er me sterke!

2 kommentarer:

teabooks sa...

Spennende! Gleder meg til å høre hvor dere skal dra ^^

Silje sa...

Me er litt spente sjølv også :) Foreløpig ser me på Praha, Wien og Budapest, men usikker på nøyaktig reiserute :P