3. mar. 2017

Som stjerner på jorda 🌟


"But why am l suddenly telling you all this? To show you that there have been such gems amongst us who changed the course of the world because they could look at the world differently. Their thinking was unique and not everyone understood them. They were opposed. Yet they emerged winners and the world was amazed." (Aamir Khan som Ram Shankar Nikumbh).

Tårene rann gjennom heile denne filmen. Eg veit at eg er lettrørt, men eg trur eg må leite lenge for å finne ein film som har rørt meg så mykje som denne nettopp gjorde (okei, opningssekvensen i Up kan eg framleis ikkje sjå utan at tårene renn i ein stor foss). Originaltittelen er Taare Zameen Par, den engelske er Like Stars on Earth. Ishaan er ein gut som ikkje gjer det noko særskilt bra på skulen, foreldra er oppgitte og sender gutungen på internatskule. Det blir ikkje lettare der, ikkje før den nye læraren i kunstfag, Ram Shankar, kjem på banen. Han ser Ishaan og skjønner at det ligg noko meir bak enn ein lat gutunge. For nokre prestasjonar, og då særskilt dei to hovudrollene der Aamir Khan speler læraren og Darsheel Safary speler Ishaan. Rørande, vakker, viktig og knallbra film. Nydeleg instrumentalmusikk og like nydelege songar. Absolutt ein ny favorittfilm!

Legg igjen ein fin tanke