12. mars 2017

Kaffi, bøker og kjøkkeninspirasjon

Full jobbveke denne veka der berre i dag var heilt utan jobb. Men som eg har nemnt før er ikkje alle dagane like lange, og eg stortrivst når eg fyrst er på jobb :) Utanom jobb har eg prioritert å setje meg til rette med ei god bok og to, tenkje litt på ferieturen som me skal på i juni og me har verkeleg komme i gong med å finne ut korleis me ønskjer å fikse kjøkkenet. Det har blitt nokre koppar med kaffi og det har også blitt gått eit par turar i vårvêret – alltid godt å få lufta tankane, røre på beina, vere i bevegelse. Sundagen er snart over; i morgon er det nok ei ny veke. Fyrst ei sundagsliste:

drikke ein kaffe latte og lese i den stillferdige og fine Jeg heter Lucy Barton i lunsjen på jobb
✦ denne lista med "Top 10 Unforgettable Glee Moments"
✦ få Interrail-billettane på døra
✦ Julianne skreiv eit himla bra blogginnlegg om kvinnedagen
✦ og det same gjorde Beatrice i dette innlegget
✦ starte dagen med ein kopp nytrakta kaffi
✦ fortsetje med å lage fotobok
✦ hi, hi, kjenner meg igjen i denne her om bokormar
✦ gode tilbakemeldingar frå dei som stikk innom datahjelpen
✦ ytring om våre haldningar til homofile – me har framleis ein veg å gå
✦ vakker solnedgang ved Mosvatnet på veg heim frå jobb tysdag kveld
✦ tinge billettar til Berlin, for det er der me skal starte Interrail-turen vår
✦ ikkje kjekt at me treng dette, men gratis sjølvforsvaringskurs er eit veldig bra initiativ
✦ setje av tid til å farte rundt i byggevarehandlar for å komme i gong med kjøkkenoppussing
✦ knallfin versjon av The Sound of Silence
✦ gå Hillevågturen tidlegare i dag der me blant anna såg alle desse spurvane sitjande på hekken
✦ lese ut Nøtteskall; for ein rar, annleis og bra bok (Ian McEwan kan det med å skrive)

Legg igjen ein fin tanke