13. mars 2017

Rosa hotell

Tittei! Stikk berre innom ein snartur for å seie "hei" og ønskje alle ein god måndagskveld. Dagen min starta tidleg med ferje til Tau kl. åtte der me var samla ein gjeng med folk, både frå Sølvberget og frå dei forskjellige biblioteka i Ryfylke, for å diskutere nokre av de nye barne- og ungdomsbøkene. Mykje bra diskusjon, og eg synest det blei eit matnyttig møte. Om ein liten time blir det årsmøte med burettslaget, så denne måndagen går i eitt. Bileta er tatt førre tysdag då eg sykla heim frå jobben etter kveldsvakta – så innmari nydeleg når solnedgangen fargar hotellet rosa.

Legg igjen ein fin tanke