19. mar. 2017

Mykje som skjer no i midten av mars

Midten av mars. Allereie. Veit ikkje om eg liker at tida går såpass fort, men det er no slik det ein gong er. Veka har vore grei, men eg merkar at hovudet har ikkje alltid vore heilt med; eg rekk ikkje å hengje med på alt som skjer. Men det er jo slik i periodar at ein plutseleg har mykje som skjer og mykje som skal gjerast. Etter filmmusikkonserten neste fredag har eg ingen planar for resten av den helga, og det ser eg fram til. Etter å ha vore på farten i heile går – me hadde nemleg utdrikkingslag for ei av mine beste veninner – var det greitt å ta det med ro i dag. Øve litt på trombonen, sjå på bilete frå i går, lese litt og no i kveld har me hatt grovmessingøving i høve den konserten som kjem på fredag. Måndag og ei ny veke er nær, og sundagslista kan de lese under:

✦ utdrikkingslag for ei god veninne med frukost, sjokoladekurs, lunsj, bowling og artig kveld
✦ knallfint vêr og fuglar som kvitrar
✦ "Now We Are Free" i ein flott celloversjon
✦ lese ut den sjarmerande krimboka Jordfast, som altså er debutromanen til Graham Norton
✦ kose meg med ein kopp kaffi i dag tidleg, berre la tankane fare
✦ blir kjekt med John Williams-konsert neste fredag der dirigentstudentane skal stå for dirigeringa
✦ byrje å sjå sesong fem av The Americans
✦ ein artig og dansande fugl
✦ finne ein stilig bryllupspresang
✦ le høgt av denne gamle videosnutten
✦ gå med sennepsgul strømpebukse og prikkete kjole ein dag på jobb
✦ sjekk ut denne butikken som eg fann via Synne; så mykje kule reiserelaterte saker
✦ vurderingsmøte på Tau der me diskuterte nokre av barne- og ungdomsbøkene frå i fjor
✦ verdas søtaste minigris
✦ tur i Vålandsparken midt i veka
✦ setje av tid til å slappe av med kryssord saman med han fine

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

teabooks sa...

Noen ganger går livet litt for fort, synes jeg, og hvert eneste øyeblikk er fylt med noe å gjøre. Det kan være slitsomt å ikke henge helt med. Håper det roer seg litt etter konserten og at du får litt pause innimellom, selv om det virker som du gjør mye morsomt og spennende også! Håper du får ei fin uke, Silje! <3

Silje sa...

Du er så god, kjære Ida <3 Takk for ein så fin kommentar! Ja, det er mykje kjekt som skjer, så sånn sett skal eg ikkje klage ;) Det er jo berre litt typisk at alt skal skje på ein gong :P Vel, vel. Trur nok veka blir fin, og det håper eg din også blir ^^

Legg igjen ein fin tanke