6. mars 2017

Ein vakker start på veka

Å starte veka med ei god bok, er alltid like bra. Å starte den med ei vakker bok, er nesten endå betre. Illustrasjonane i Botanikum, ei fagbok for barn, er berre slåande! I same serien finn ein også bøkene Animalium og Historium. Det er Katie Scott som har illustrert Botanikum (og Animalium). Sukk. Er ikkje meir som skal til for at måndagen med eitt blir litt betre. Ei fin, lita kvardagsglede.

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så utrolig fin! Jeg har sett på Animalium tidligere og har litt lyst på den selv, hehe. Nå spørs det om jeg må skrive opp denne også! Nydelige illustrasjoner ^^

Silje sa...

Sjølv om desse står i barneavdelinga her på jobb, er dette bøker eg fint kunne hatt i bokhylla heime. For som du seier, så er illustrasjonane nydelege! Detaljerikt og heilt herlege fargar, blir rett og slett glad av å bla i dei ^^

Legg igjen ein fin tanke