1. jan. 2017

Den fyrste sundagslista i 2017

Fyrst og fremst: godt nytt år, alle saman! Denne veka starta med overnatting på eit hotell i Kr.sand før me køyrde heim og kom fram før Urd verkeleg slo til. Tysdag var det jobb, onsdag fri, torsdag jobb og fri på fredag. I går var det nyttårsaftan og i dag er det sundag, den fyrste i eit nytt år. Sola tittar inn, og det er i det heile tatt ein fin start på 2017. Nedanfor finn de årets fyrste sundagsliste:

✦ kose meg med Les Misérables, drikke te og beundre den vakre lysmansjetten
✦ ein fiffig videosnutt som viser korleis klinkekuler blir laga
✦ lese ut Patrick Modiano si lille og underfundige bok
✦ diktet "Morgon" av Karin Boye
✦ ete ute saman med den fine gjengen frå Svithun (mangla berre ho eine) – for ein bra kveld
✦ og eg berre diggar dei kule namna på matrettane hos Døgnvill (filmreferanse anyone?!)
✦ helledussen, for ein skjønn katt, og det same med denne
✦ finne glede i eit snurrande, vakkert englespel
✦ "Med varm choklad i ryggsäcken" – eit ordentleg vakkert og stemningsfullt blogginnlegg hos Sara
✦ titte litt ekstra på lysestaken i kjøkkenvindauget, for snart er det på tide å pakke den vekk
✦ ha ei av mine beste veninner på besøk ein god del timar for to dagar sidan
✦ så fin og rørande reklame
✦ spele "Scrabble" og høyre på musikk etter middagen i går
✦ eit leikent holepiggsvin
✦ at me, trass forkjøling og slapp nyttårsfeiring, kom oss ut for å sjå på fyrverkeriet
✦ veldig kjekt å lese om eit initiativ som dette når det gjeld kjæledyr og nyttårsaftan
✦ få mannen min heim
✦ setje av tid til å sjå Love Actually og Reisen til julestjernen; er det jul, så er det jul

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Godt nytt år, Silje! <3 Håper du har hatt en fin jul og en fin nyttårsfeiring :) (ps. er det bare jeg som synes at det er litt passende at året startet på en søndag?)

Silje sa...

Takk det same, kjære Ida <3 Jula har vore fin (om enn litt avkorta pga. Urd) og nyttårsfeiringa blei rolegare enn planlagt pga. forkjøling. Men det var faktisk heilt greitt å feire det nye året med beina på bordet, berre eg og han som betyr så mykje ^^ Hi, hi, at året starta på ein sundag var passande, skjønner kva du meiner :)

Ragnhild sa...

Godt nytt år og alle gode ynskje for 2017!

Og takk for at du minte meg på kor fabelaktige vesen holepiggsvin er.

Silje sa...

Hi, hi! ;) Ønskjer deg også eit bra 2017!

Legg igjen ein fin tanke