27. jan. 2017
Anne fra Bjørkely
For meg har denne boka, ja, heile serien, alltid vore der, men den har aldri betydd noko spesielt. Eg har visst at den er ein klassikar, men har ikkje hatt noko behov for å ta den med meg heim og lese den. Ein gong i fjor bestemte eg meg for å sjå filmane, det vil seie dei tre filmane med Megan Follows i rolla som Anne. Som sagt, så gjort. Desse filmane overraska meg positivt, og plutseleg fann eg ut at eg ville lese den fyrste boka i serien, nemleg Anne fra Bjørkely, ei bok som på originalspråket kom i 1908. Denne har blitt omset fleire gongar frå engelsk til norsk, men dessverre er nokre av omsetjingane sterkt forkorta. I 2014 blei den nok ein gong omset, denne gongen av Kristina Quintano. Planen er at alle bøkene i serien (ni til saman) skal bli omsette, men det har ikkje skjedd enno. 2014-versjonen er rikt omset, alt det Anne drøymer om og snakkar om, er blitt med og det heile er så herleg detaljerikt. Innimellom er det nokre slurvefeil, som etternamnet Blythe utan e, men okei, utanom det storkoste eg meg gjennom heile boka, eg såg Anne så klart og tydeleg for meg. Og så er omslaget vakkert, så enkelt og fint. Ei god og ekte leseoppleving!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Denne leste jeg da jeg var mindre! Husker den gjorde sterkt inntrykk på meg.
Veldig fin og herleg leseoppleving i mine auge også :)
Den står på leselista mi, men tror jeg kommer til å lese den på engelsk. Virker som ei fin bok!
Trur nok engelsk definitivt er det beste, men eg fall sånn for omslaget då eg såg den på jobb at eg berre måtte lese den ;)
Legg igjen ein fin tanke