7. nov. 2016

Gull av gråstein

Eller – i alle fall sølv. Inne på kjøkkenet har me nokre kokebøker ståande på kjøkkenbenken, men me har mangla bokstøtter. Inspirert av denne idéen fann eg ut at, jo, ei bokstøtte eller to treng ikkje å koste så veldig mykje. På jobbvegen, der dei held på å lage Nye Gamlingen, ligg det ein haug med slike steinar, så eg plukka rett og slett med meg to som eg putta i sekken. Her heime fann eg fram litt papp og sølvspray og spraya halvparten av steinane med sprayen. Lot dei så tørke ei stund.


Og her er resultatet. Vanskeleg å fange sølvfargen på bilete, hadde nok vore lettare med gull eller ein endå sterkare farge. Men det var den fargen eg hadde her heime, og eg synest jo at sølv er fint sjølv om kontrasten mot det grå ikkje er den største. Superenkelt å lage og ganske så praktisk :)

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så lurt! Og så enkelt!

Silje sa...

Stemmer det, Ida! :D

Ragnhild sa...

Dersom eg finn fine steinar på tur, so har dei ein rar tendens til å hoppe opp i handa og etter kvart lomma, i alle fall dersom dei er små nok. Men no blir det kanskje til at nokre større eksemplar plutseleg har funne vegen opp i sekken eller armkroken?

Artig liten detalj, det å spraymåle delar av steinen. Fint at ein kan sjå kva slags stein det faktisk er, samstundes som at du har gjort noko eige med den.

Silje sa...

Å, eg kjenner meg sånn igjen! Frå eg var lita har eg samla på steinar, har jo blitt litt betre med åra, men likevel ;) Dette er jo eit kjempeenkelt prosjekt, så det er berre til å plukke med deg nokre større steinar neste gong du er ute på tur :D

Legg igjen ein fin tanke