25. feb. 2016
Så fine minne frå ein fantastisk dag!
For omtrent to veker sidan, kom fotoboka frå bryllaupet vårt i posten. Eller – det vil seie fotoboka frå den fyrste delen av den store dagen vår. Eg valde nemleg å lage ei fotobok no med bilete som fotografen tok, medan alle dei andre bileta, dei frå middagen, dansen, kakespisinga og festen, får komme i ei eiga fotobok. Det er så mange bilete å ta av, med andre ord er det eit litt større prosjekt, så den boka får eg lage når sommaren kjem og alt opplegget rundt masteren er ferdig. Som vanleg laga eg fotoboka på fotoknudsen.no, og denne gongen valde me eit mindre format og med mykt omslag. Storleiken på boka er 15x20cm, og me synest begge at boka er akkurat passe stor til å kunne ha framme til ein kvar tid. Sidan fotoboka er mindre enn dei me har laga før, har me prøvd å ikkje putte altfor mange bilete inn på kvar side, og dimed har me prøvd å halde oss til mellom eitt og fire bilete per side. Ein aldri så liten throwback thursday til den aller finaste dagen ♡
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åh, vilken härlig och fin fotobok! Otroligt vackra och stämningsfulla bilder på er. <3
<3 Tusen hjertelig takk for herlig kommentar, fine Ruth! ^^
Legg igjen ein fin tanke