8. feb. 2016

Gåtur rundt Vannassen ein laurdag i februar

Sjølv om me har gått rundt Vannassen ein god del gongar sidan me flytta til byen, er det framleis ei løype me ofte bruker når me er ute og går tur. Me gjekk der no på laurdag som var, og då måtte eg berre fram med kameraet. Eit velta tre, regndropar og grøne fargar. Så mykje fint ute i naturen.


Trur ikkje det er nokon som helst tvil om at fuglane får nok mat i alle fall ;) Me har sett det fleire gongar og også no i helga var det nokre folk som mata dei, både endene, svanene og måkene.


Og til slutt, på vegen heim igjen, tok eg bilete av nokre tre som blei spegla i vasspyttar. Er så herleg å gå slike turar, få lufta både tankane og vettet, kjenne frisk luft, prate om alt og ingenting saman med min betre halvdel. Slike turar i ein litt travel kvardag gjer så godt, og eg håper på mange fleire!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Kake sa...

Fine bilder! Har ikke gått der selv, men det så ut som et veldig fint sted å gå tur på.

Silje sa...

Me er så heldige som bur rett ved mange fine turområde :) Er så godt å kjenne frisk luft og ikkje berre sitje inne på jobb eller med oppgåveskriving. Tusen takk for koseleg kommentar! :D

Sandra sa...

Vilka underbara bilder du tagit trots lite grått väder. Ser fantastiskt ut!

Silje sa...

Alltid kjekt og fint å få så herlige kommentarer! Tusen takk, fine Sandra! :D

Legg igjen ein fin tanke