1. feb. 2016

Kvifor eg bloggar

Eller kanskje eg heller burde ha skrive kvifor eg framleis bloggar. For då eg byrja å blogge hadde eg ei klar retning og eit mål med det heile: å dokumentere og fortelje alle mine kjente og kjære korleis dagane mine på folkehøgskulen var. På denne måten kunne dei som ville oppdatere seg på korleis eg hadde det når dei ville, kvar dei ville og med bilete til kvart innlegg. Eg skreiv på dialekt og bileta var ikkje av det beste slaget, men det funka. Då me flytta til Kr.sand året etterpå, fortsette eg i den same stilen med ein god del kvardagsprat. Kvardagsprat er det enno, men i staden for å berre fortelje og rapportere kva som skjer dag for dag, veke for veke, plukkar eg små glimt her og der. Eg har ikkje den største lesarskaren, men det har eg aldri hatt heller. Det at eg framleis skriv her, gjer eg vel så mykje for meg sjølv som for dei som ønskjer å lese. Å få satt ord på tankar, skrive ned lister, leggje ut bilete frå gåturar, reisar og kvardagen og dele nokre små kreative prosjekt gjer eg for å finne glede når dagen er tung. Eg gjer det for å strukturere kvardagen og enkelt kunne sjå tilbake på og mimre dagane, vekene, månadane og åra som plutseleg er forbi. Så klart er det ekstra kjekt å skrive når eg får nokre kommentarar på innlegga mine i ny og ne. Men det å ha ein stad der eg samlar alt, er nok hovudgrunnen til at eg framleis bloggar. Om du les dette, sånn akkurat no, er eg jo veldig glad for at akkurat du tok turen innom. Hadde eg aldri fått noko som helst respons på det eg skriv, så er vel sjansen stor for at eg hadde slutta sjølv om eg som tydeleg nemnt skriv denne bloggen vel så mykje for meg sjølv. Og til slutt vil eg berre seie at de er så himla bra alle saman :)

8 kommentarer:

Ida sa...

Jeg er så glad jeg fant bloggen din! Og jeg tror jeg har ca samme grunnene til at jeg fortsetter å blogge som deg. Jeg tenker at jeg trenger ikke kjempemye respons på det jeg blogger om, men hadde jeg ikke fått en eneste kommentar noen gang, så tror jeg at jeg hadde syntes det hadde vært litt kjipt og kjedelig. Men jeg blogger først og fremst for min egen del, det fungerer jo som en slags dagbok, så jeg er ikke så avhengig av masse respons. Du er også himla bra! Og tusen takk for at du skriver en så koselig blogg ^^

Silje sa...

Verdas finaste Ida! For ein herleg kommentar å få nesten rett etter at eg posta dette innlegget! :D Er så glad for å kunne lese dine bloggar også, både på norsk og på engelsk, med kjekke lister, bra bokmeldingar, reflekterande tekstar og fine bilete :) Er kjekt å kunne peppe kvarandre opp samstundes som ein skriv blogg som ein slags dagbok for seg sjølv. Takk for at du er akkurat den du er, og du er så himla bra du også! ^^

Moder'n på Møre sa...

Jeg følger jo med her, da :-) Det er en grei måte å se hva dere holder på med der nede i "langtvekkistan". Og så kommer det godt fram at du er fornøyd med tilværelsen sammen med "han fine". Når du kommer heim med røde roser til "lisjguten te' ho mamma", så må jeg jo slå meg til ro med at han er i gode hender. Takk for at du passer på ham :-)

Silje sa...

Han passar no på meg også, berre så det er sagt ;) Alltid kjekt å høyre at du følgjer med her :)

Anonym sa...

Du skriver godt vet du selv om målformen for meg er uvant :-)

Silje sa...

He, he! Det er rart med det: bokmål er framleis hovudmålet mitt, men no, etter tre og eit halvt år med nynorsk her på bloggen, hadde det vore rart å plutseleg skulle skrive bokmål i blogginnlegga mine :)

Kake sa...

Jeg har fulgt deg lenge, og kommenterer i ny og ne. Men leser for det meste alt du skriver. :)

Silje sa...

Så utruleg kjekt og hyggeleg med ein slik fin kommentar! Tusen takk :D