Beste filmserie: den aller beste er nok Harry Potter-serien (åtte filmar), men også The Dark Knight-trilogien (Christoper Nolan sine filmar om Batman) og Before-trilogien om Celine og Jesse som fyrste gong møtast på eit tog i Wien, er gode filmseriar
Beste regissør: utan tvil Wes Anderson. Viss eg ikkje tar heilt feil, har me, for mannen i heimen er også fan av Anderson, sett sju av dei filmane han har regissert! Dei er så herlege, underfundige, rare og fine alle saman :) Richard Linklater er også ein regissør eg gjerne vil nemne; han er nemleg mannen bak Before-trilogien og Boyhood.
Største positive overrasking: den rare Birdman med Michael Keaton og Edward Norton i to av rollene, den sterke filmen Tusen ganger god natt og klassikaren 12 Angry Men
Filmar som gir meg latterkrampe: den fantastiske 3 Idiots, klassikaren The Court Jester med Danny Kaye ("The pellet with the poison's in the flagon with the dragon; the vessel with the pestle has the brew that is true."), den hysteriske The Party med Peter Sellers i spissen og til slutt den herlege spionsatiren Kingsman med blant anna Colin Firth og Samuel L. Jackson
Filmar eg kan sjå om og om igjen: Tre nøtter til Askepott (ingen jul utan), RENT, både spelefilmen og Broadwayversjonen, den nydelege Once (såg den jo også som musikal i New York), og så klart alle dei åtte Harry Potter-filmane
Beste barnefilm: Mary Poppins som eg gjerne ser den dag i dag, og så klart kan eg alle songane på rams, The Parent Trap, og Grusomme Meg-filmane som eg såg i vaksen alder
Ein film som set spor: Boyhood (har skrive om filmen i dette blogginnlegget)
Ein keisam og døll film: Twilight. Sorry altså, men den filmen fenga meg ikkje det grann.
Ein avbrutt film: ingen som eg kjem på, men nesten den merkelege The Man in the White Suit
Tåreperse: Cinema Paradiso og opningsscenen i den nydelege animasjonsfilmen Up
Ein utfordrande film: 2001: A Space Odyssey og Memento (treng eg å seie noko meir?!)
Beste norske film: deUSYNLIGE, regissert av Erik Poppe som også er mannen bak Tusen ganger god natt
Kva filmar liker de meir eller mindre enn andre filmar? Legg gjerne ein kommentar :)
Legg igjen ein fin tanke