15. feb. 2016

Luftetur med overrasking på lur!

Sjølv om mesteparten av helga gjekk med til å skrive vidare på masteroppgåva, sette me av tid til å gå ein tur både laurdag og i går før me fekk middagsbesøk. Å få "lofta vede" og kjenne frisk luft i andletet er berre så herleg, og for min del gjer det ekstra godt når det blir mykje stillesitting i samband med oppgåva. Har jo sett tagging før, men det var litt ekstra vakkert med dei knallsterke fargane mot dei grå fjella i horisonten. Og slike isformasjonar er alltid vakre og ganske magiske.


Veit at eg har tatt bilete av desse gjæsene før, men dei er no litt artige der dei vraltar av garde i flokk, kvite og gråbrune om kvarandre. Og så er det noko harmonisk over det heile å gå forbi denne garden, ein gard som ligg berre fem minuttar unna sentrum om ein køyrer med bil.


Til slutt: kan tru eg stokk då me gjekk forbi desse søppeldunkane i går. Det var jo berre ein del av ei utsillingsdokke, men det var ekkelt likevel. Lo litt høgt sånn etter kvart då det verste sjokket hadde lagt seg, men gurimalla, det her må jo rett og slett vere (gårs)dagens overraskingsmoment!

6 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Haha, huff! Tror jeg hadde blitt ganske overrasket og skeptisk selv hvis jeg kom over noen føtter stikkende opp fra søppelkassen ^^ folk kaster de rareste ting.
Håper du får en fin uke!

Silje sa...

Ja, eg blei veldig overraska og nesten litt skremt, men etterpå var det berre "løye" (som me seier her i Stavanger) ;) Ønsker deg også ei tipptopp veke, Ida ^^

Anonym sa...

Flotte bilder av is samt vårlige av gjess , kaka tar vel disse bena ut av søppelkassen, nesten som starten på en god krim !! :-)

Silje sa...

Eigentleg ganske skrullete å la desse beina stikke opp frå ein søppeldunk på denne måten, men gurimalla, litt artig var det jo også ;)

Sandra sa...

Haha fick lite ont i magen när jag såg benen som stack ut ur soptunnan ;) Vilken knasig grej att gå förbi!

Silje sa...

Kjente det litt i magen selv også da jeg først så det ;) Heldigvis var det falsk alarm ^^

Legg igjen ein fin tanke