Som eg nemnde i blogginnlegget i går, har temaet for denne månaden av Monthly Makers vore tre. Med tanke på alt det som skjer her om dagane, var det tidleg klart at eg ikkje hadde kapasitet til å gjere noko stort eller lage noko som tok for mykje tid. Likevel så ville eg prøve å vere med også denne månaden :) Me manglar noko på veggane inne på soverommet, og inspirert av denne inne hos Morning Creativity, ville eg lage ein enkel vimpel eller to til å hengje på den eine veggen.
Om ein lurer, så er det greinene som er temaet, for greinene er jo frå eit tre. Fann greinene på bakken då me var ute og gjekk tur førre veke, pussa dei bittelitt med sandpapir og så var dei klare til bruk. Skreiv eit fint sitat oppå eit bilete i Photoshop, printa det ut, klipte det ut etter malen, festa det på greina og voila, ein vimpel var klar. Den andre laga eg av restestoff frå Stoff & Stil. For å forsterke den, klipte eg ut to like stoffbitar, la dei mot kvarandre med vrangsida inn og "limte" dei saman med vliesofix (hemming web). Brukte berre vanleg, kvit hyssing til å hengje dei opp med, akkurat som eg gjorde då eg laga denne bileteramma. Og det var det; eit fint og veldig dekorativt lite prosjekt med tre som inspirasjonsord. Dette er mitt bidrag denne månaden, og eg gleder meg allereie til neste tema! Monthly Makers er rett og slett ei ordentleg kul og bra greie :D
21 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Åh, vad fina!! Man blir alldeles glad av att se dina vimplar! Jag gillar kombinationen av gren, tyg och papper och de lyste verkligen upp väggen!
For en kjekk og utrolig fin kommentar, Ruth! Tusen takk! :D Og ja, kombinasjonen av grein, stoff og papir ble virkelig bra ^^
Vad fint det blev. :) Känns som att du verkligen hittade de perfekta grenarna!
Er så enig i at de greinene er perfekte til akkurat dette prosjektet :) Tusen takk for fin kommentar, Anna María! :)
Så fint det vart! Likar spesielt godt den i stoff (pga fargekomboen), men begge to var veldig fine. :)
Så kjekt å høyre, Tone! :D Kan seie meg einig i at den i stoff blei den finaste; den andre blei kanskje litt for kvit (men det er jo ikkje vanskeleg å lage ein ny og bytte seinare) :)
Så enkelt og så fint!
Hi, hi! Er så einig, Luisa! Tusen takk ^^
Vilket underbart sätt att tolka trä. Tycker det blev jättefint!
Tusen takk, fine Sandra! ^^ Er så moro å være med på Monthly Makers! :D
Åh vad fina de är! Jag har varit sugen på att göra vimplar ett tag ,ska definitivt göra med trädgrenar som upphängning :)
Et veldig enkelt prosjekt, så du bør absolutt prøve, Annica! :D Og tusen takk for kjekk kommentar! :)
Det blir verkligen en helt annan känsla med grenar än med raka lister, och tycker du hittade de perfekta grenarna, jättefint :)
Vad snyggt att använda en trädgren istället för en rundstav för att hänga upp vimplarna! Det blir ett mycket mer spännande (och snyggare) uttryck tycker jag. Inspirerande! :)
Mikaela: Tusen takk, fine deg! Var faktisk litt spennede å gå på "pinnejakt" for å finne de perfekte greinene ;)
Alicia: Er så enig i at det blir et helt annet uttrykk med greiner :) Og tusen takk for kjekk kommentar! :D
Åh så fint och så kul idé!
Tusen takk, Mary! :)
Supersnyggt! Tycker väldigt mycket om att plocka in en del av naturen i hemmet, ska helt klart kolla efter passande grenar nästa gång jag tar en promenad i skogen :)
Er så enig i det du sier med tanke på å ta med en del av naturen inn i hjemmet; det er noe harmonisk over det hele :) Og takk for fin kommentar, Jess! :)
Superfint gjort av dig, härlig kontrast med trädpinnarna :)
Tusen takk, Stina! :D
Legg igjen ein fin tanke