20. sep. 2015

Ut på tur med gratis buss

Me har hatt ei kanonbra helg med alt frå husarbeid til loppemarknad, frå herleg sundagstur til rar, britisk sci-fi-dramakomedie (The Man in the White Suit frå 1951). Veka, og ikkje minst helga, har gått litt for fort, men er det ikkje slik det ofte er?! Har jo som vanleg samla på bra og fine ting på nettet, i tillegg til å skrive ned andre gleder, så også denne sundagen kjem det ei "fine-ting-liste":

✦ vere innom ein loppemarknad og eit garasjesal
✦ "Nesten Broadway" og "Slik ville Disney-figurene sett ut på Instagram"
✦ tore å ha den tøffe genseren frå Gudrun Sjödén nedi ei svart bukse
✦ verdas skjønnaste koala, søte små pip frå ein liten katt og mange fine kattar, alle hos cuteoverload.com
✦ miljøsundag her i byen, med blant anna gratis buss :)
✦ ta gratis buss til Hundvåg for å gå tur ute på Lundsneset, for det er alltid superkjekt å utforske nye vegar, berre vandre rundt og sjå oss omkring
✦ lese dette fine og ærlege innlegget, som eg kjenner meg att i, om kjærleik og forhold hos Sandra
✦ treffe på ein leiken katt på ein av våre gåturar
✦ heilt fantastisk magiske bilete frå Island
✦ kjøpe litt måling til soverommet (no har me i alle fall komme så langt)
✦ "Att ha tid till å leva" og "Vad är ett riktigt jobb?" – gode tekstar hos Rania og hos Jonna
✦ vere korpsinstruktør for fyrste gong på nesten halvanna år :)
✦ denne katten (kjenner meg sånn igjen), denne fine minigrisen og så klart denne fine pingvingungen som jublar etter å ha tatt sine fyrste skritt, alle hos themetapicture.com
✦  bli inspirert av septembertemaet i Monthly Makers, nemleg natur (resultatet kjem etter kvart)
✦ treffe på tre kjenningar i byen på ein og same dag :)

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så fin du var! Gudrun Sjödén-genserne er så fine! ^^ Og så bra med miljøsøndag. Det høres jo fantastisk ut med gratis buss. Lo høyt av den lille pingvinen og insragramkontoene til Disney-figurene, haha. Håper du får en kjempefin uke, Silje! ^^

Silje sa...

Tusen takk for ein kjempefin og herleg kommentar, Ida! :) Ja, eg lo litt høgt sjølv av pingvinen og Disney-figurane! :D Og takk det same! ^^

Legg igjen ein fin tanke