14. sep. 2015

Fugleliv i nærområdet

Svaneungane rundt både Mosvatnet og Vannassen byrjar å bli store. På laurdag tok me ein liten rundtur rundt Vannassen før me stakk til butikken for å handle. Måkene, endene og svanene lever side om side, og det er alltid så mykje liv der. Slik var det også no i helga. Ein mann stod og mata dei medan han tok bilete. Trur ikkje dei svelter der, for det er ikkje fyrste gongen me har sett at nokon gir dei mat ;) Berre ein liten tur ut denne helga pga. jobben, men det gjorde likevel godt.

0 kommentarer: