2. sep. 2015
Solnedgang over hustaka
September er her. Orkestet er i gong og boka Masteroppgaven: Hvordan begynne – og fullføre er i hus. For i løpet av dette skuleåret blir det ein god del skriving, frustrasjon, erfaring, lesing og alt det som høyrer til ei slik oppgåve. Eg både gleder og gruer meg. Men det er då det er så fint å kunne ha orkesteret å sjå fram til ein gong i veka, ha noko handarbeid eller andre kreative prosjekt å halde på med, og finne glede i å sjå den fine solnedgangen. Me hadde ein slik solnedgang her på måndag. Det var så innmari fint å stå ute på balkongen, sjå over hustaka, berre nyte det magiske lyset.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Legg igjen ein fin tanke