Me hadde ikkje blekkboksar hengande bakpå bilen då me nettopp var blitt vigd, men ein kan jo bruke slike boksar til omtrent kva det skal vere. Her om dagen fjerna eg etikettene på to boksar som me hadde ståande, vaska dei grundig, og så var det fram med ein serviett, litt tjukt pyntepapir, saks, pensel og decoupagelim. Smurde på med lim og rulla den eine boksen på papiret og den andre på servietten. Vips! To stilige haldarar til pennar, tusjar og blyantar. Eg prøver å få til ein fin arbeidskrok med tanke på all skrivinga som kjem dei neste månadane, og då hjelper det litt med gjenbruk, fine fargar og ein kul notisblokk. Prøvde også å lage ein slik liten
geoball til småting som viskelêr og blyantspissarar, men eg skal nok bruke litt tjukkare papir om eg vil lage nokre fleire.
4 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Så fine! Har selv lagd noen slike. Fint med gjenbruk!
Gjenbruk er rett og slett alle tiders! :D
Så fiffigt och fint, Silje :)
Enkelt og veldig praktisk å ha på skrivebordet! Tusen takk, Sandra! :)
Legg igjen ein fin tanke