Haustfargane byrjar å vise seg i naturen, og sjølv om eg liker temperaturen betre om sommaren, er det noko ved dei klare, fine fargane som kjem med hausten. I går sykla me eit lite stykke, sette fra oss syklane og byrja å vandre rundt i den delen av
Sørmarka kor me aldri hadde vore før. Me gjekk berre ein liten brøkdel i går. Eg gleder meg allereie til neste gong. Utforske fleire stiar, både små og store, sjå meir på utsikta over sentrum, prøve å tyde skilt og gå endå lengre inn i skogen :)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Ut på tur - aldri sur :-)
Dere er flinke!
Å oppdage nye vegar og stiar, er jo noko av det kjekkaste som finst! Og når vêret er bra, er det jo berre ei glede å komme seg ut for å gå litt :)
Legg igjen ein fin tanke