Denne sundagen har me fått gjort ganske mykje husarbeid samstundes som me har gått ein god tur og fått tid til å slappe av. Er så godt å ha ein produktiv sundag når eg ikkje fann dei tinga eg skulle ha då me var i byen i går. I morgon får eg ei veninne på besøk før det blir oppstartsmøte med jobben. På tysdag er det forelesning på dagen og orkester på kvelden. Men akkurat no er det Alt for Norge på skjermen :) Og under finn de denne vekas liste med fine, kjekke og interessante ting:
✦ stå ute på balkongen og nyte solnedgangen
✦ herlege innlegg hos cuteoverload.com: denne katten som liker å bli massert, katt og andunge (ein kjempeherleg videosnutt), to små kattungar som blir redda og ein morosam vaskebjørn
✦ gå sundagstur hand i hand på nye stiar
✦ artig historie om eit lam i ein møbelbutikk, og desse fine og herlege små grisane
✦ nydelege bryllaupsbilete både hos Mariell og hos Isabelle
✦ spele med orkesteret
✦ kult med retro i heimen, og også denne saka om gjenbruk av gamle genserar
✦ planleggje korleis me vil måle soverommet vårt
✦ fine Ina om det å takke nei til alkohol
✦ høyre songen "I'll Never Find Another You" i TGR-butikken i sentrum
✦ "Liv Therese er fostermor for lillesøster" – fin og sterk historie
✦ bli inspirert til å lage slike fruktposar
✦ ete laurdagslunsj på kafé
✦ så vakre bilete og ein finfin video hos Jonna
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Tycker om dina inlägg av det här slaget för här hittar jag alltid nya bra länkar. Tack!
Synes det er kjekt å lage disse innleggene også :) Det hjelper meg å samle og oppsummere ukas fine linker og andre kjekke ting! :D
Legg igjen ein fin tanke