16. sep. 2015

Til den finaste og beste forlovaren!

Fordi du er akkurat den du er! Sjølv om det er omtrent 800-900 km mellom oss, veit me begge to at me har kvarandre. Dei gongane me møtest, om det er her heime, på Vinjerock eller i bartebyen, er det som om me såg kvarandre i går. Me har nok tatt litt forskjellige retningar i livet, men det gjer ikkje noko fordi me likevel har så mykje å snakke om, både om alt det me har gjort (som i korpset og på vidaregåande), det me held på med akkurat no og kva me kan tenkje oss å gjere vidare i livet, både saman, aleine og med andre fine folk. Då mannen mig og eg hadde forlova oss, var eg aldri i tvil om at det var akkurat du som skulle få vere min forlovar. Me hadde begge to snakka litt om det i forkant i tillegg til at me begge hadde drøymt om nettopp dette med bryllaupet og forlovaroppgåva ;) Den kanonkoselege, morosame og kjekke jentekvelden dagen før bryllaupet var det perfekte utdrikningslaget, og det kan eg takke deg for. Og så var det jo også veldig koseleg å pynte oss saman før vigsla skulle byrje kl.15. Rett og slett ein kjempebra start på ein fantastisk dag!

Førre veke hadde du bursdag. Skulle så gjerne ha vore der, men me får ta det att ein annan gong :) Eg håper du veit at eg er takksam for at eg har deg i livet mitt sjølv om me berre ser kvarandre til påske, sommar, jul og nokre andre dagar litt innimellom. Me har hatt det så kjekt og gjort så mykje gøy opp gjennom åra: korpsturar, filmkveld, jentekveld, Vinjerock, NM i janitsjar, vore utkledde som flyvertinner på Stavanger Open, sykla heim frå Stavanger til Sola klokka halv tre om natta (kjem aldri til å gløyme den turen...), hyttetur med korpsgjengen og mykje "løye" med jentene frå muffeklassen. Gleder meg til å oppleve nye eventyr med deg i år, neste år og om mange andre år :)

0 kommentarer: