29. sep. 2015

Eit dikt i ei avis

Mannen min les vekeavisa Dag og Tid, og den kjem i postkassa vår kvar fredag. Eg kan ikkje påstå at eg les den særskilt aktivt. Likevel så eg gleder meg til den nokså vanskelege quizen som han les høgt ved frukostbordet i helgene sjølv om me ikkje kan halvparten av svara :) Og innimellom så er det også noko eg interesserer meg for eller synest er morosamt, slik som Arne Hjeltnes si spalte "Innsida". Byrja å lese diktet "Loppis" her om dagen, og eg enda med å lese det høgt. For det er jo akkurat slik det er, og Hjeltnes treff verkeleg spikaren på hovudet! Med roser på bordet, kaffikoppen i handa og avisa framføre oss, er dette sånn som gjer morgonen litt ekstra fin!

2 kommentarer:

Ida sa...

Quizen er genial! Vi får ikke Dag og Tid selv, men hver gang vi er hos foreldrene til samboeren tar vi quizen. Helt enig i at spørsmålene kan være vanskelige! Men akk, så gøy. ;)

Silje sa...

Sjeldan me får til alle, til dømes så klarte me berre sju denne veka. Men det er som du seier så morosamt og gøy likevel :D