18. sep. 2015

Heklegleder

Innimellom får eg det for meg at no skal eg jaggu meg setje meg ned for å hekle eller strikke noko fint eller nyttig. Men så må eg fokusere meir på skulen, dra ein tur på jobb eller det faktum at ei god bok freistar meir. Likevel finn eg ofte kjekke hekle- og strikkebøker når eg er innom biblioteket og i dag var ikkje noko unntak. Har ikkje fått sett gjennom heile boka enno, men den grøne lua med bestemorsruter har eg verkeleg lyst til å lage. Einaste er at eg eigentleg har nok luer, så det får i så fall bli til noko eg kjenner ;) Og så synest eg det er litt morosamt å se liknande trekk til krakkar som det eg laga i fjor (her og her). Boka heiter, jepp, Heklegleder, og er skriven av Susanna Zacke og Sania Hedengren. Rett og slett litt lesehygge her i heimen :) Håper alle får ei tipptopp helg!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

Åh, vad roligt! VIll också skaffa mig ett sånt projekt :)

Silje sa...

Er så fint og kjekt å ha noe å holde på med innimellom alt som heter skole og jobb :) I de seinere årene har jeg blitt mer og mer glad i å hekle, så å finne en fin oppskrift i ei heklebok er alltid en liten glede!

Legg igjen ein fin tanke