28. sep. 2015

Fargegaten og Det lille hjørnet

På laurdag var me som nemnt ein tur nedom byen for å levere og låne bøker på biblioteket etter fyrst å ha vært på ein loppemarknad. Då me fyrst var i byen, blei det ein tur innom Fargegaten som altså er 10 år i år. Me har ennå til gode å utforske alle dei fine små butikkane og kaféane som ligg i akkurat den gata, men litt fekk me i alle fall sett då me var der no på laurdag. Den finaste kjolebutikken Syvende Himmel ligg her, og eg måtte jo innom for å sjå om ikkje noko anna ;) Elles var gata pynta med ballongar og fine banner, det var gratis popkorn og sukkerspinn å få og så klart var det jo kjekt å berre gå rundt å sjå på alle dei spreke, sterke, kule fargane og livet i gata.



Me "måtte" jo innom ein av dei mange fine og koselege kaféane som ligg i Fargegata og denne gongen fall valet på Det lille hjørnet. Det fyrste som møtte oss var den kjekke helsinga rett foran inngangsdøra. Og inne var det fullt av polaroidbilete, fine bjørkestammer på veggen, kaffien var knallgod og det er alltid hyggeleg med koselege helsingar på små lappar :) Her kjem me att!



Sjølv om sukkerspinnet mest var meint for dei minste barna, fekk me litt me også. Lenge sidan sist, og det heldt med ein pinne på deling ;) Og så var det vidare til den neste loppemarknaden!

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

tea sa...

Så artig med en fargegate! Den så utrolig søt og fin ut :) og det er så koselig å ta seg en slik tur, bare gå og se, sitte litt på kafé og spise litt sukkerspinn ;) hehe. Det tror jeg ikke at jeg har spist på ganske lenge, men husker det var en stor hit da jeg var yngre :)

Silje sa...

He, he! Er ikkje ofte me heller et sukkerspinn ;) Me kjem nok garantert til å gå meir i Fargegaten, for det er enno mykje å sjå sjølv om gata ikkje er den største!

Røverdatter sa...

Jeg elsker den gata! Den gir et sånt fint liv til byen!
Sukkerspinn er både godt og gøyalt, selv om det er evigheter siden sist :)

Silje sa...

Må nok innrømme at det er fyrst no i det siste at eg verkeleg har tatt meg tid til å utforske Fargegaten. Men ein ting er sikkert, og det er at eg kjem til å gå der meir i tida som kjem, for det er jo så fint der. Og som du seier så gir det eit fint og herleg liv til byen :D

Legg igjen ein fin tanke