3. des. 2014

"En bilde på någon du älskat i år"

Eit bilete på nokon du har elsket i løpet av året. Luke nr.3 i denne fantastiske julekalenderen, ein kalender som gir meg glede og litt avbrekk midt i oppgåveskrivinga. Altså: det er jo mange som betyr mykje i livet mitt og som eg alltid vil vere glad i, slik som min fine familie, venane mine og svigerfamilien min. Og så klart han eg bur saman med. Eg synest difor det var vanskeleg å velje i og med at dei alle betyr mykje, men så kom eg plutseleg på noko som eg enno blir varm om hjartet av å tenkje på: dei dryge to vekene me budde i Brooklyn saman med katten Dinah. Tenk å sjå verdas finaste sove og leike med den finaste katten (Jeremias er jo fin han også altså)! For dei som lurer: eg er jo eit ordentleg kattemenneske, så på berre to veker rakk eg å bli veldig glad i Dinah. Og saman med ein annan som eg elskar og som betyr mykje for meg, så utgjer dei luke nr.3.

4 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Moder'n på Møre sa...

Jeremias er meget fornøyd med å få så mange bilder av seg sjøl lagt ut på nett :-)
Men angående denne storbykatten Dinah, så syns han hun ser noe overlegen ut! Bare se på det fjeset.... Og skulle hun prøvd å klare seg på en vestlandsgård, fange sine egne mus og med reven luskende rundt husa - nei der hadde nok ikke denne frøkna holdt ut lenge!
Sier Jeremias med påholden pote, her han må leve i surt og regnfullt sunnmørsvær!

Silje sa...

Ååå, no ler eg godt her eg sit i sofaen etter ein lang dag med oppgåveskriving! :D

Moder'n på Møre sa...

:-) Jeremias hilser så mye til to som han egentlig syns er ganske ok, sjøl om det er sjelden de dukker opp! Han lurer nok fælt på hvor dere er når dere er borte så lenge. Kanskje han tror dere er innestengt i kjelleren, og lurer på hvorfor vi ikke går og leter og roper? For vi bruker jo det når han er borte... Tenker nok Jeremias, tenker jeg :-)

Silje sa...

Du må i alle fall helse så mykje til finaste Jeremias. Han får jo snart sjå han der fine igjen, så litt nøgd må han jo vere ;) Innan den tid, så blir det nok eksamensskriving her i heimen, og litt julemusikk innimellom.

Legg igjen ein fin tanke