7. des. 2014

Luke nr.7

Andre sundag i advent. Dagen har gått med til å skrive oppgåve. Byrjar å bli rimeleg lei no, ja. Kun halvanna veke igjen til ferie! Men det er då det er kjekt å kunne sjå tilbake på fine minne og bilete frå sommaren. Luke nr.7 i Emily sin bloggjulekalender er nemleg "en bild du tagit som du själv tycker mycket om", og då valde eg eit bilete den dagen me køyrde heim frå Vinjerock. I løpet av turen, var me totalt innom fire fylke og ein heil haug med tunnelar. I Lærdalstunnelen har dei lagt inn tre opplyste hallar for at bilistane ikkje skal sovne (tunnelen er 2,4 mil lang), og dette er ein av dei. Prøvde å ta bilete då me køyrde til festivalen, men det var fyrst på heimvegen at eg fekk eit brukbart eit. Fargane er berre så utruleg fine og biletet er faktisk skarpt til å vere tatt i fart. Kjensla av å sitje i bilen, sliten, men glad etter nokre fantastisk kjekke dagar i Vang, vil eg alltid hugse :)

Legg igjen ein fin tanke