14. des. 2014

Luke nr.14

Dette biletet blei tatt klokka halv åtte om morgonen ein fredag i april. Me var på veg til bussen med ein koffert og kvar vår sekk. Bussen skulle ta oss til flyplassen, for me skulle til Sjøholt. Det var starten på påska. Dette er "en bild du som du inte minns att du har tagit." Grunnen til at eg veit klokkeslettet, er fordi det står på biletefila, og det same gjeld datoen. Eg hugsar ikkje heilt at me stoppa opp og tok dette biletet såpass tidleg ein morgon. Men likevel: når eg ser på det, hugsar eg jo kvar me skulle. Eg hugsar at eg gledde meg, for det er alltid fint med litt ferie. Og eg hugsar forventningane, for det var i påska at me skulle treffe tante- og onkelbarna våre. Luke nr.14 i bloggjulkalenderen hos Emily er med dette opna. Håper alle får ein fin tredje sundag i advent!

0 kommentarer: