5. des. 2014

Luke nr.5

Det er allereie blitt 5.desember, og dagens luke i Emily Dahls "bloggjulkalender", er "en bild på dig som någon annan tagit." Har jo ein del bilete frå i år i samband med både det eine og det andre, frå NM Brass, ferien vår og Vinjerock. Men valet fall på desse. Eg klarte ikkje å velje berre eit, men dei er frå nesten same dagen, i alle fall same veka, så då gjer det ikkje så mykje om det er fleire enn eit bilete ;) Grunnen til at eg valde desse, er at eg synest dei får fram gleden. Gleden i å ha nyklippa hår og ha fått studieplass, gleden i å ta på meg den finaste bunaden og feire 17.mai, og gleden i å vite at me snart skulle reise på tur. På tur i tre veker til Reykjavik og New York. Fine bilete som er kjekke å sjå tilbake til no når det er mørkt ute, og eg sit inne med eksamensoppgåvene mine.
Oppdatering: og når det gjeld Vinjerock – me fekk billettar for neste års festival! Glede!

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

Vilka vackra bilder! Superfina :)

Tack för tipset om display för mina polaroidfoton, ska absolut testa den!

Silje sa...

Tusen takk, Sandra! Har så lyst til å prøve den idéen selv, må bare få tak i noen fine bilder først :)

Legg igjen ein fin tanke