11. des. 2014

"...person du saknat i år"

Denne hausten har vore fin med eiga leilegheit, nytt studium og spele i orkester. Samstundes legg eg ikkje skjul på at det har vore tøft. Det har vore tøft å starte på ein ny skule utan å kjenne ei sjel. Eksamenstida har vore ekstra lang, og med null orkester i to månadar og ei leilegheit som plutseleg byrja å sjå ut som ein heim, har det vore skule i hovudet mitt i ganske mange av døgnets tidar. "En bild på en person du saknat i år" er luke nr.11 i Emily sin bloggjulkalender. Det eg har sakna mest av alt, er rett og slett nokre vener å gå til når ein treng fri, berre prate og le, mimre, sjå film eller spele spel. Har nokre fine folk i Kr.sand, men det kostar fort å skulle dra dit kvar helg. Og Kongsberg er også litt langt. Har også veninnegjengen frå vgs., me me bur alle på kvar vår kant. Om eg må velje, så er det to personar eg har sakna litt ekstra. Ho på det øvste biletet bur i Trondheim og skal vere min forlovar neste år. Då me var i Trondheim i oktober, hadde ho tid til å møtast, og det var supertriveleg! Og så er det ho på det nedste biletet, ho eg gjekk i franskklasse med på vidaregåande, så på Bømlo folkehøgskule saman, og etter det enda me begge to opp i Kr.sand. Me var på besøk hos ho og kjærasten tidleg i august, og ho var her nokre timar ein sundag i november. Sjølv om eg altså har sett dei begge to i løpet av dei siste månadane, har eg sakna dei veldig. For gode vener kjem ikkje "rekande på ei fjøl". De er så fine alle saman, alle eg har i mitt liv!

Legg igjen ein fin tanke