14. des. 2014

Til deg ❤

Alle dei gongane me har hatt latterkrampe saman. Alle dei gongane du har trøysta meg når det har vore ein grå og kjip dag. Alle dei gongane me har vore barnslege saman og lurt på kva andre ville ha sagt. Alle dei gongane du har sett på meg og sagt "du er så fin, du", "eg er glad for at du er mi", "snuppa mi" og "eg elskar deg". Alle dei gongane eg har låge tett inntil deg for å få varme og for å kjenne meg elska. Alle dei gongane du berre er. For det eg elskar deg.

Seks år er gått sidan du og eg blei vi. Det er seks år sidan eg stod og venta spent på bussen. Seks år sidan me kyssa forsiktig, heldt kvarandre i hendene medan me gjekk ute i den kjølige desemberlufta. Mørkt ute. Fine stjerner på himmelen. No, seks år etterpå, har me kjøpt oss ei leilegheit, me har skapt vår eigen heim. Neste år skal me gifte oss. Eg gleder meg til å ta fatt på framtida saman med deg, vere der for kvarandre uansett. Gratulerer med dagen, verdas finaste 

Legg igjen ein fin tanke