4. des. 2014

Berg-og-dal-bane

"En bild du tog när du kände dig sorgsen/deppig/ledsen". 2014 var året min siste besteforelder, vår fine mormor, gjekk bort. Nesten rett etter at eg fekk vite det, la eg ut dette innlegget. Det eg ikkje skreiv noko særskilt om, var korleis eg inne i meg hadde heile spekteret av kjensler. Sorg, gode minne, gråt, ikkje gråt. Det var rett og slett som å vere om bord på ei berg-og-dal-bane. Eg klarte på eit vis ikkje å ta det heilt inn over meg, og ein av grunnane til det var nok at me var så langt borte. Seks timar forskjell, eit hav mellom oss. Å vere på ferie i New York og få den beskjeden, unner eg ingen. Men på eit anna vis hjalp det kanskje å vere litt på avstand. Eg er ein veldig emosjonell person og eg trur det at eg ikkje kunne gjere noko anna enn å snart sitje på flyet heim to dagar etterpå, hjalp meg til å heller sjå på dei gode minna enn å gråte til eg ikkje hadde fleire tårer igjen. Den dagen me fekk beskjeden, hadde me bestemt oss for å dra til Coney Island, eit område langs ei strand med mange karusellar og andre kjekke aktivitetar. Me valde å dra dit og eg er glad me gjorde det, glad me kunne smile sjølv om eg kjente på eit berg av kjensler. Eg synest dette biletet illustrerer akkurat slik eg hadde det den dagen. Og mormor: eg vil alltid vere glad i deg 

Legg igjen ein fin tanke