18. des. 2014

18.desember og juleferie

Mørket har senka seg. Julestemninga kjem sakte, men sikkert inn i denne heimen også. Ikkje sånn med ein gong, for det er jo heilt antiklimaks å plutseleg ha fri, ikkje tenkje på eksamen eller oppgåveskriving, berre vere meg og ikkje "ein flittig student". Kjempekjekt å ha besøk av broren min i går, og alle tre hadde ein fin kveld med god tacosalat, "mekking" av skap og baking av gode sjokoladestenger. Sov lenge i dag, noko som var heilt fantastisk! Var på kafé med ei god veninne midt på dagen, og utpå kvelden feira me (både han der fine, broren min og eg) både overstått eksamen, seksårsdag og juleferie med god middag på restaurant og Hobbiten: Femhærerslaget på kino (måtte jo sitje til og med rulleteksten for å høyre den finaste "The Last Goodbye" med Billy Boyd). Med andre ord har det vore ein fin start på ferien :) I bloggjulkalenderen i dag, luke nr.18 altså, er det "en bild på något fint du fått i år". Denne synest eg var veldig vanskeleg, for det er jo så mykje når ein fyrst byrjar å tenkje over det. Eg har fått leike med tantebarna mine, eg fekk billettar til Les Misérables på bursdagen min, dette fine serviset etter mormor. Tenk alle dei opplevingane me fekk i løpet av vår tre veker lange ferietur til Reykjavik og New York. Alle dei gode artistane på Vinjerock, alle dei fine minna. I mai fekk eg studieplass, og eg har fått fine roser då leilegheita var i boks. Trass i eit litt tungt haustsemester, har det vore eit fint år med mykje som har hendt, mykje fint eg har fått, både av opplevingar og av ting. Eg er rett og slett veldig heldig!

Legg igjen ein fin tanke