7. des. 2014

Andre sundag i advent








Er så fint å kunne dele ei lita liste med fine ting no i denne intense eksamenstida. Eg kjenner eg treng slike lister no slik at eg innimellom kan slappe av, le eller smile og ikkje tenkje på skuleoppgåvene. Skal bli så herleg når det er ferie om elleve dagar (eller sånn der omkring). Ferie med bøker, julekos og handarbeid. Så her har de mi sundagsliste, ei liste med mykje bra og fint:

✦ telje ned dagane til julaftan med eit fint stearinlys
✦ tenk å sy sin eigen bunad
✦ koke graut andre desember med julemusikk på full guffe
✦ om einsemd (for eg kjenner meg sånn igjen) og eit fint ønskjeinnlegg hos Emily
✦ kvalitetetstid på kafé med kjærasten min midt i eksamenstida 
✦ høyre Vil du være med så heng på med meg med Per Asplin på radioen i gryinga med ein kaffikopp i handa
✦ herleg bilete av eit piggsvin (den trong eg no) og eit bilete av "just a leaf"
✦ "Hadde jeg vært ungdom, hadde jeg sagt opp på flekken" – ein viktig tekst om ungdom og stress
✦ skrive eksamensoppgåve i pysjen, berre fordi alt blir så mykje koselegare i pysj
✦ bloggen From Scandinavia with love
✦ Vinjerock blei utseld på ti sekund, og me var heldige; ordentleg opptur i denne tida!
✦ om kvifor nokre vel å ikkje drikke alkohol, om alternativ drikke til julemiddagen og eit innlegg frå eit pappahjarte
✦ fortsetje med å sjå femtitalsfilmar på laurdagar (i går: Funny Face) og Harry Potter-filmane på sundagar
✦ kul bileteidé, kult å sjå hårfrisyrar frå forskjellige tiår og kul og kreativ bustadannonse
✦ skrive julekort og høyre på julemusikk
✦ eit fint innlegg om alternativt julegåvepapir

2 fine tankar - legg igjen noko fint du også

Sandra sa...

Så himla mysiga bilder!

Silje sa...

Å, så utrolig fin kommentar! Takk, Sandra! :D

Legg igjen ein fin tanke