21. mars 2014
"The Grand Budapest Hotel"
Heilt sidan me såg Moonrise Kingdom på kino for snart to år sidan, har me leita fram og verkeleg kost oss med filmar som Wes Anderson har regissert. Å sjå ein film han har laga, er som å dykke ned i eit eiga univers, han har ein heilt eigen måte å fortelje på. Så mange fargar (berre sjekk ut desse fargepalettane frå filmane hans), så mange rare, men akk så herlege, karakterar og ikkje minst så mange fine historier. Moonrise Kingdom er berre ei av dei; den er så fin om den fyrste kjærleiken og om kor mykje rart ungar kan finne på :) Og så er det The Royal Tenenbaums, The Fantastic Mr.Fox (jepp, basert på Roald Dahl si bok), The Life Aquatic with Steve Zissou, Rushmore og The Darjeeling Limited. I mange av desse filmane, dukkar dei same skodespelarane opp: Bill Murray, Edward Norton, Owen Wilson, Jason Schwartzman, Anjelica Huston, ja, de skjønner teikninga. Det er også noko av det som kjenneteiknar Anderson sine filmar. Grunnen til at eg skriv dette innlegget, er at det no har komme ut ein ny film av Anderson på kino: The Grand Budapest Hotel. Då eg ein gong tidleg i år fann ut at filmen skulle ha norsk premiere i dag, 21.mars, sa eg til sambuaren min at denne kvelden skulle me halde av nettopp for å sjå den på kino. Som sagt, så gjort. Og filmen? Den skuffa ikkje! Ralph Fiennes i rolla som M. Gustave er eit funn (joda, han var god som Voldemort også), og blandinga av spenning, humor og eit estetisk særpreg gjer denne filmen til ei kinoopleving utenom det vanlege! Og hotellet er jo berre så fint! Sat i salen og storkoste meg gjennom heile filmen. Kom deg av garde på kino allereie i morgon, for denne filmen bør du få med deg – spesielt om du vil sjå noko anna enn ein vanleg blockbuster!
Merkelapp
film og tv
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 fine tankar - legg igjen noko fint du også
Jeg har ikke sett den ennå, men gleder meg så veldig, veldig..
Håper du har en fin lørdag!
Filmen er rett og slett herleg – ein ordentleg Wes Anderson-film! :)
Legg igjen ein fin tanke